Å nyte det gode måltid i vakre Lom


Mellom bratte fjellsider og høge fjell ligg Fossheim Hotell. Sidan 1897 har det familiedrevne hotellet i hjarta av Jotunheimen teke i mot gjestar med godt vertskap og god mat.

Her finn du norsk tradisjonsmat og gourmetmat tufta på lokale råvarer frå nasjonalparkane rundt.

På Fossheim er alle romma innredd i ei heimetriveleg atmosfære som gjestane skal trivast i. Her skal du kunne nyte ei god natts søvn i komfortable senger og rolege omgjevnader, og du kan nyte opphaldet i dei vakre, historiske bygningane.

Lom er eit eldorado for turmoglegheiter. Her kan du både gå småturar i nærområdet eller prøve deg på nokre av dei høgaste toppane i Noreg. Frå hotellet kan du til dømes nå Høgste Lomseggen på 2068 moh., og vera attende til ein god middag på kvelden.

Hotellet har bygd opp det som i dag er eit av Noregs beste hotellkjøken, med fokus på mat frå lokale gardar, fjell og fiskevatn. Eigar Svein Garmo bygde opp kjøkenet saman med Arne Brimi, og fokus ligg på å la menyen følgje årstidene.

Telefon +47 61 21 95 00
Adresse

Bergomsveien 32
2686 Lom