Til god mat høyrer og god drikke


I den rikhaldige vinkjellaren vår finn ein meir enn 300 ulike vinar. Vinlista på Kviknes er av dei mest velfylte og innhaldsrike i Sogn og Fjordane. Ein vil finne vinar frå verdas mest kjende vinprodusentar i hyllene.

Om du er vininteressert eller ikkje, er eit besøk her ei minnerik oppleving. Saman med ein liten matbit kan du smake vinar frå vårt rikhaldige utval. Vinsmaking kan ein oppleve både som gruppe og som individuelle reisande. Restaurantsjefen vår tar gjerne med gjester for omvisning og smaking.