Fertheim Hotel .

forsiden / hotell / Fretheim Hotel - Geoturisme

Geoturisme - Fretheim Hotel

Fretheim Hotel ligg heilt inntil UNESCOs verdsarvområdet; Nærøyfjorden. Denne fjorden har blitt kåra til verdas vakraste reisemål fleire gonger på rad, og det forpliktar dei lokale å verne om denne sårbare ressursen.

Flåm og Fretheim Hotel er ein av Europas «grønaste» destinasjonar, der hovudfokuset er berekraftig turisme. Fretheim Hotel har vært Miljøfyrtårn heilt sidan 2006, og mykje av vår kvardagsfilosofi handlar om korleis me kan gjere mest mogleg for miljøet her lokalt, så vel som globalt. Utanom å samarbeide tett med dei lokale produsentane for å sikre oss råvare av høgast mogleg kvalitet og kortast mogleg transport, har me og faste rutinar på resirkulering av avfall, innsparing av strøm og bruk av miljøvenleg produkt. Transport messig er og Flåm særs miljøvenleg. Hit kommer ein seg med tog, båt og buss for utanom eigen bil, og Flåm har blitt eit knutepunkt i Sogn og Fjordane.

Moglegheitene for aktivitetar i naturen er nærast uendelege her i områda rundt Flåm. Samtidig finns det og fleire museer, kyrkjer og bygdetun der det er mogleg å ta inn over seg kulturen og tradisjonane som me har hatt i området i århundrar.

Flåmsbana museet – ligg på gamle stasjonen i Flåm og fortel om historia til Flåmsbana.

Aurlandskoen – eit opplevings senter der ein får sjå og høyre heile historia til skoen, samtidig som du får sjå heile gongen frå produksjon til ferdig produkt.

Otternes Bygdetun – ligg i fjellsida rett utanfor Flåm. Det er eit tun med 27 autentiske hus og eit levande gardsmuseum med nydeleg utsikt, tradisjonar og historie.

Holo Gardstun – ligg oppover i Flåmsdalen der det er moglegheit for å oppleva mattradisjonar og kulturformidling.

Stavkyrkjene i Undredal og Borgund er opne for besøkjande heile året. Det same er den fantastiske kyrkja i Flåm.

Stabburets matgleder – Stabburet til Fretheim Hotel ble oppført i 1926 og har sida den tid vært til oppbevaring av mat og for å dele matopplevingar. Plass til 16 personar.