Hotel Ullensvang

forsiden / hotell / Hotel Ullensvang

anno 1846

Hotel Ullensvang

Hotell i Hardanger

Hotel Ullensvang ligg i den fredelege bygda Lofthus midt i hjarta av det unike og priskåra vestnorske fjordkulturlandskapet. Ullensvang ligg i distriktet Hardanger. Eit distrikt som har inspirert mange forfattarar, målarar og komponistar gjennom åra. Komponisten Edvard Grieg var stamgjest på Hotel Ullensvang i mange år, og her fann han inspirasjon til kjende verk som "Våren" og "Holberg Suiten". Den vesle komponisthytta hans står framleis i hotellet sin hage, med utsikt mot den majestetiske Folgefonna, som speglar seg i den glitrande blå Hardangerfjorden.

Frå 1846, då Hans Utne leigde ut ei seng, si eiga, har Hotel Ullensvang utvikla seg i takt med tida. Den dag i dag er hotellet eigd og drive av familien Utne. Trass i moderne fasilitetar, held familien på den personlege omtanken for gjestene, og på tradisjonar som berre eit privateigd hotell maktar å ivareta.

Europeiske kongelege, samt personar som Indira Gandhi, Willy Brandt og Henry Kissinger, er mellom dei som gjennom åra har gjesta hotellet. Men hotellet er ikkje berre for ”Kongelege”, me ynskjer å gje ein ”Kongeleg” velkomst til alle.  

Aktivitetar/ opplevingar:

Hotel Ullensvang ligg idyllisk til på solsida av Sørfjorden, ein arm av Hardangerfjorden, med den majestetiske Hardangervidda i ryggen. Det gjev eit fantastisk utgangspunkt for utflukter.

På Lofthus kan vi tilby vandringar gjennom eit unikt kultur- og naturlandskap. Hardanger Fruktsti tek deg med på ei lokalhistorisk vandring gjennom Norsk fruktproduksjon. Vandringa kan kombinerast med eit gardsbesøk med innlagt sidersmaking.
 Legg ein turen opp til Hardangervidda og følgjer Hardanger Fjellsti, gjer dei vidkjende Munketreppene og utsikta frå Nosi opplevinga endå meir spektakulær.

Bygda kan og by på Skredhaugen Friluftsmuseeum og Bioforsk Vest Ullensvang forskingssenter. Mest kjend er nok likevel Ullensvang Kyrkje frå ”Brudeferden i Hardanger”, bygd i 1250. Eit besøk her kan gjerne kombinerast med ein Grieg-konsert.

Hardanger-regionen er rik på opplevingar. Vi tilbyr eit stort utval kulturelle og naturbaserte opplevingar og museum.

For grupper har vi eit stort aktivitetsprogram å tilby. Vi skreddarsyr gjerne opplegget for dine gjester, slik at opphaldet blir så innhaldsrikt og vellukka som de ynskjer.

Sjå eige kapittel.

Andre opplysningar:

Hotel Ullensvang har lang erfaring som vertskap for arrangement, store som små. For oss er det du som arrangør som står i sentrum. Våre medarbeidarar kan hjelpe til under heile prosessen med planlegging og gjennomføring, slik at opplevinga under opphaldet skal svara til forventningane.

Opningstid:

Heilårsdrift. Stengt i julehelga.

Se video fra Hardanger og Hotel Ullensvang

Hotel Ullensvang

Hotell/Overnatting i Hardanger

N-5787 Lofthus i Hardanger
Telefon+47 53 67 00 00
Fax +47 53 67 00 01
E-post ullensvang@hotel-ullensvang.no
Hjemmeside http://www.hotel-ullensvang.no