Fleischer's Hotel & Geoturisme
14.juli 2005 vart Dei Norske Fjordane representert ved Geiranger- og Nærøyfjorden teke opp på Unesco si Verdensarvliste. Grunngjevinga frå Unesco var at områda representerer eineståande naturverdiar ! Og dermed hadde Norge fått sin fyrste naturattraksjon på denne prestisjefylte lista ! Nærøyfjordområdet åleine dekkjer eit areal på vel 70 000 ha og 90 % av dette har vernestatus som landskapsvernområde. Arealet ligg innafor kommunane Aurland, Vik, Lærdal og Voss og omfattar ein fantastisk fjordlandskapsvariasjon med nokon av dei villaste og mest storslagne og vakre fjordar, fossar, fjell og isbreer ein kan tenkje seg.