
| Hovedside | / | Hotell | / | Restaurant | / | Weekendtur | / | Reiseforslag | / | Bryllup | / | Konferanse | / | Booking |
Her finner du hotellet!
Opphaveleg er Fossheim ein skysstasjon. Den vart opna i 1897 av familien Th. Garmo. Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo er tredje generasjons eigar på Fossheim Turisthotell og ønsker velkommen til Lom!
Vertskapet ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim åt oss. Fossheim har vorte restaurert og modernisert fleire gonger, seinast i 2008. På Fossheim er vi opptekne av å halde tradisjonar ved like. Vi er stolte av kulturarven vår, både når det gjeld byggeskikk, anna handverk og ikkje minst maten.
Vår eigen kjøkkensjef Kristoffer Hovland vart kåra til Årets kjøkkensjef 2004. Kokkane på Fossheim foredlar særnorske tradisjonar til eit reisemål i seg sjølv ved å friske opp det trauste.
Difor reiser mange til Fossheim fyrst og fremst for å ete - for å få oppleva eit måltid som gjev minner. Kristoffer Hovland følger årstidene og nyttar råvarer knytt til dei ymse sesongane.
Aktivitetar/opplevingar:
Galdhøpiggen,brevandring, Jotunheimen, Fossheim Steinsenter.
Andre opplysningar:
Kurs-og konferanseavdeling, mat- og vinkurs.
Åpningstid:
Heilårsdrift, stengt jul og nyttår.
_________________________________________
Hotell/Overnatting i Lom
N-2686 LOM
Telefon+47 61 21 95 00
Fax +47 61 21 95 01
E-post mailto:resepsjon@fossheimhotel.no
Hjemmeside http://www.fossheimhotel.no

