
| Hovedside | / | Hotell | / | Restaurant | / | Weekendtur | / | Reiseforslag | / | Bryllup | / | Konferanse | / | Booking | / | Om Oss |
Her finner du hotellet!
På Fretheim Hotel har du naturen tett inn på deg! Me er næraste nabo til den djupaste og lengste fjorden i verda og det finns «eit hav» av ulike fjelltoppar rundt hotellet. Her har ein moglegheit for å være med på nokon av dei beste naturopplevingar Noreg har å by på. Både sumar og vinter!
Flåmsbana står klar til avgang rett over vegen for hotellet og er eit «must» når ein vitjar Flåm. Den 20 km lange togturen går heile året, og gir deg panoramautsikt over eit av dei vakraste fjord- og fjellandskapa i Noreg!
Rallarvegen er kanskje verdas vakraste sykkeltur, som går frå høgfjellet og heilt ned til Flåm og endar utanfor Fretheim Hotel.
Aurlandsdalen og Flåmsdalen er grøne, frodige, vakre og reine dalar. Her kan ein ta beina fatt og sjå kva naturen har å by på. Fantastiske naturopplevingar som verkeleg gjer inntrykk.
Båttur på Sognefjorden er eit imponerande skue. Sett deg og nyt naturen på ein av båtane som går mellom Flåm, Undredal og Gudvangen – heile året. Eller lei deg din eigen kajakk og opplev fjorden på nært hold.
Om vinteren er det berre ein kort kjøretur frå Flåm til Voss Fjeldlandsby Myrkdalen. Her er det alltid mykje snø og perfekte forhold for slalåm og langrennsski.
Moglegheitene for ekstremsport er og nesten uendelege her i vår del av Noreg. Paragliding, isklatring, fjellklatring, dykking, rafting, elvepadling i kajakk og mykje meir.
