Fretheim Hotel Flåm

forsiden / hotell / Fretheim Hotel - Bryllup & Feiring

Bryllup & Feiring - Fretheim Hotel

På Fretheim Hotel har me staselege festsalar til både store og små selskap. Alt i frå to til hundre personar kan me husa til eit festmåltid. Me har fleire store festsalar som er elegante og smakfulle, og om ønskje er eit litt mindre selskap, kan me tilby fleire av dei små stovene for middagsservering. Nokon draumar om eit litt meir utradisjonelt bryllaup eller selskap og da kan me tilby Glastårnet, hagen eller Stabburet.

Fleire oppdagar det magiske ved å ha bryllaup på vinterstid. Her på hotellet har me ein flott steintrapp som fører inn til selskapslokala våre. Denne trappa er nydeleg når me pyntar med skinnande faklar i eit landskap dekka av snø. Når rimfrosten på trea skinner opp frå tende faklar og peisane inne er tend gir det ein vakker og eventyrlig stemning. På sommaren er det mogeleg å bruke den store og flotte hagen rett utanfor selskapsdelen. Hagen prydast av store, gamle epletre og flotte rosebusker, og her er det ideell for gjestene til å ta ein velkomstdrink.

Me har fire kyrkjer i kommunen, og me kan arrangere båtskyss til tre av dei. Det er og mogleg å arrangere hesteskyss frå kyrkja i Flåm.

Ved bestilling av store bryllaup spanderar me prøvesmaking av bryllaupsmenyen, samt bryllaupsnatta i den romantiske Tårnsuiten.

Be om å få tilsendt vår flotte festmeny eller vår eigen bryllaupsmanual!