Fretheim Hotel

forsiden / hotell / Fretheim Hotel

anno 1870

Fretheim Hotel

Tradisjonsrik overnatting i Flåm

Gjestfridom i meir enn hundre år!

Fretheim Hotel var på slutten av 1800-talet ein storgard som husa rike engelske lordar som kom for å fiske laks i Flåmselva og nyte den vakre naturen. Hotellet vart i utganspunktet reist i Sveitserstil, og har gjennom åras løp vekse og utvikla seg i takt med aukinga av turistar og reisande på Bergensbana og etter kvart Flåmsbana. I dag skin hotellet som eit spanande bygg både arkitektonisk og historisk, der den ærverdige eldre delen av hotellet står i fin harmoni med den nyaste delen som vart bygt i år 2000.

Historia om Fretheim Hotel har fått sin verdige plass ved å synleggjere korleis det var her ein gong.  

I den eldste delen av hotellet er det restaurert med vakre detaljar, der det er peisar og antikke møblar i stover, bibliotek, konferanselokale og ikkje minst i alle dei historiske gjesteromma. Her kan ein gå på oppdagings ferd og nyte atmosfæren frå ein svunnen stordomstid.

På Fretheim Hotel speler ein på lag med dei lokale produsentane og ynskjer nisjeprodukt av høg kvalitet velkomen. Kjøkenet er kjend for sin gode mat og bruken av lokale råvare. I områda rundt Flåm finns ekstremt mange gode produsentar av unike råvare, som til dømes Undredalsost, småskala produsentar som har lammekjøt, hjortekjøt og reinskjøt av den finaste kvalitet, og ikkje minst Sogn Jord og Hagebruksskule som leverar økologiske grønsaker.

Fretheim Hotel ligg i Flåm, som er eit knutepunkt for turar i vill, vakker og urørt vestlandsnatur.

Med utsikt mot fjell og fjord kan ein sjå, smake, lytte, høyre og ta innover seg dei ekte opplevingane på eit sanseleg vis. Her bryr me oss om miljøet, historia og tradisjonane. Med fjord- og fjellutsikt frå alle rom, blir eit opphald her ei unik oppleving.

 

Rom /kapasitet:
Fretheim Hotel har totalt 121 rom inne på hotellet, og eit flott stabbur med moglegheit for overnatting til 6 personar ute på tunet. Me har 31 rom i den historiske delen, og 90 rom i delen frå år 2000. Alle romma har bad med badekar og toalett.

Me kan tilby rom i fleire forskjellige kategoriar:

1. Standard rom på bakside av ny del
2. Rom m/utsikt i ny del
3. Rom m/fjordutsikt i ny del
4. Rom i historisk del
5. Juniorsuiter i ny del
6. Tårnsuite i historisk del

Romma i den historiske delen er ulike på storleik og utforming.

  

Aktivitetar/opplevingar:
Flåmsbana/Flåmsdalen, Flåmsbana Museet, båttur/kajakktur på Sognefjorden/Nærøyfjorden, Rallarvegen, Aurlandsdalen, Aurlandsko museet, Stegasteinen

Fretheim Hotel

Tradisjonsrik overnatting i Flåm

Pb 63
5742 Flåm
Tel +47 57 63 63 00
Faks +47 57 63 64 00
E-post mail@fretheim-hotel.no
Heimeside http://www.fretheim-hotel.no