
| Hovedside | / | Hotell | / | Restaurant | / | Weekendtur | / | Reiseforslag | / | Bryllup | / | Konferanse | / | Booking | / | Om Oss |
Her finner du hotellet!
Fretheim Hotel har ei grøn rettesnor når det gjeld å ta vare på natur, kultur og miljø. - Maten som vert servert, er i stor grad henta frå gardane i og rundt Aurland Kommune. Kortreist mat har alltid verte servert på hotellet, og det er jo og naturleg når ein har nokon av dei beste produsentane innan ost, kjøt, frukt og grønsaker rett utanfor døra. Dyra som beitar i fjellsida rundt Flåm har i snitt høgare slaktevekt enn andre stader i landet. Dette fordi det er ekstra god næring i graset som veks i fjordlandskapet rundt hotellet. Grisene, lamma, hjorten og reinsdyra et viltvoksande urter og vert marinert frå innsida! Maten vert foredla på både tradisjonelt, og nytenkjande vis på Fretheim kjøkenet. Vårt eige stabbur og røykjehus er i flittig bruk, og er ein tradisjon og oppleving på same tid.
Restauranten på hotellet har utsikt rett i mot fjorden. God mat og lun stemning gjer at gjestene kan senke skuldrane og sitte i timesvis og berre nyte med alle sansar. Det smakar å være gjest på Fretheim Hotel!
