Kvikne's Hotel

forsiden / hotell / Kvikne's Hotel

anno 1877

Kviknes Hotel

Tradisjonsrik overnatting i Balestrand

På Balholm i Balestrand strekkjer gjestgjevartradisjonane seg tilbake til 1752. Familien Kvikne, som eig hotellet, overtok i 1877. Frå då av starta ei rivande utvikling som har halde fram heilt til i dag. Kvikne's Hotel vart reist i sveitserstil. Mange nybyggingar, ombyggingar og utvidingar har ikkje gått ut over særpreget til staden. Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei største turisthotella i Noreg.

Lista over prominente gjester er svært lang. Keisar Wilhelm II av Tyskland var ofte gjest i Balestrand. Kongelege, keisarar, presidentar, statsministrar, filmstjerner og kunstnarar frå mange land er å finne på gjestelista. Hotellet har samla ei mengd kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.

Rom /kapasitet:
 Kviknes Hotel har totalt 190 rom. 25 rom i det historiske bygget i sveitserstil og 165 rom i nybygget frå 60-talet (Sein modernisme).  Alle romma er velutstyrte med bad/dusj/toalett. Dei fleste har balkong med utsikt.

Vi kan tilby rom i fire kategoriar:
1. Standard rom i nybygg (frå 60-talet)
2. Rom m/utsikt i nybygg (frå 60-talet)
3. Rom i historisk del (sveitserstil)
4. Demi suite i historisk del (sveitserstil)

Romma i den historiske delen er individuelle på storleik og utforming.

Passer for:
Individuelt reisende, familiefeiringer, bedrifter, kurs/konferanser og incentives

Badstu:
Ja

Aktivitetar/opplevingar:
Fjærland og Norsk Bremuseum, Flåmsbana, Nærøyfjorden, fine turmoglegheiter i fjellet.

Andre opplysningar:
Kursavdeling, gratis robåt og fiskeutstyr, fin badeplass til hotellets gjestar.

Åpningstid:
1.mai - 30.september. Resten av året opent på forespørsel.

_________________________________________

Kviknes Hotel

Hotell/Overnatting i Balestrand

Balholm
N-6898 Balestrand
Telefon+47 57 69 42 00
Fax +47 57 69 42 01
E-post mailto:booking@kviknes.no
Hjemmeside http://www.kviknes.no