| Hovedside | / | Hotell | / | Restaurant | / | Weekendtur | / | Reiseforslag | / | Bryllup | / | Konferanse | / | Booking | / | Om Oss |
Her finner du hotellet!
Seljord Hotel ligg vakkert til og er rik på storslagen natur og spennende kultur. Enten du søkjer ro og harmoni, eit yrende folkeliv eller ei løysing på Sjøormmysteriet er det alltid nye moglegheiter i Seljord.
Tettstad, bygder og grendelag ligg vakkert til og er rike på natur og kultur som kan by på noko for ein kvar smak. Sommar som vinter byr naturen på vakre opplevingar. Høgfjell med vidder og vatn, reinsdyr, ryper og fjellaure og lunt lågland med djupe, løyndomsfulle innsjøer. Seljordsvatnet gøymer meir enn nokon veit, og sjøormen er levande for eldre så vel som yngre og slett ikkje berre i avisspaltene. Så drøymer du om å få sjå ein sjøorm, så hugs at sjansene er størst i Seljord.
Me har eit livleg og velutbygd handelssentrum som dekkjer dei fleste bransjer. Kunst- og kulturtilbodet er mangfoldig med konsertar, skodespel og kunstutstillingar.
Moglegheitene er mange i Seljord, og alt ligg til rette for ein aktiv ferie. Seljordsvatnet fristar både til bading og båtsport.
Vi kan vere behjelpelig med å få kontakt til besøk av små skala bedriftene som vi bruker for omvisning, og evt. salg av matvarene dei produserer.
Seljord hotells kjøkken bruker i all utstrekning som det er mulig, råvarer i fra
lokale landbruket.
Seljord kyrkje
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På nord-vest hjørnet er det hogd ut eit andlet som etter ei segn skal vere heilagkongen. Ei segn fortel også at kyrkja vart bygd av ein tusse. Da bygningen var ferdig, datt tussen ned og slo seg i hel. Der han datt, veks det ikkje gras den dag i dag. Altertavla i kyrkja er frå 1588 og døypefonten frå 1600-talet. Riksantikvaren leidde ei omfattande restaurering avslutta i 1972. Guideteneste om sommeren.
Flatdal kyrkje
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare stått ei stavkyrkje. I 1923 vart krusifiks, altertavle og baldakin frå den gamle kyrkja henta fram og plassert i kyrkja, takket vere biskop Bernt Støylen. Flatdal kyrkje ligg like ved Flatdalslandsbyen, eit målerisk, verna klyngetun som ligg på ei stor slette.
Mandal kapell er ei tømra langkyrkje, innvigd i 1954. 16-åringen Ole Bringen reiste i 1863 frå heimbygda Mandal til Amerika. I 1947 sendte han eit brev til presten i Seljord saman med 8000 dollar som han ville skulle brukast til å byggje ei kyrkje i Mandal.ll
Åmotsdal kyrkje er ei tømra, bordkledd krosskyrkje, innvigd i 1792, bygd der det tidlegare sto ei stavkyrkje. Ho er bygd av Jarand Rønjom, ein allsidig kunstnar og handverkar frå Åmotsdal.
Hjartdal gamle prestegard
I 1963 ble Holm prestegard frå 1500-talet flytta frå Hjartdal til Nutheim. Bygningen er restaurera og tilbakeført til det miljø ein måtte vente å finne før 1863 då den var prestebolig. Mykje historie er knytta til denne bygningen, og kunstnaren Erlend Grøstad har vore flink til å dra desse historiske trådane saman.
Bygningen blir blant anna bruka som bolig, men er og i bruk i samanheng med målarkursa som blir arrangera på Nutheim.
Då prestegarden vart flytta til Nutheim, mente Grøstad at det vore naturleg med eit kapell i samanheng med denne garden. Og eit kapell blei det, bygd i prestegarsdskjellaren. Kapellet er i dag i bruk ved våre høgtider og ved barnedåp, bryllup og religiøse konferanser der gjestane bur på hotellet.
Eva Bull Holtes Museum og husmannsplassen Sneie i Åmotsdal
Eva Bull Holte blei fødd 15. januar 1922 og døydde 15. februar 1993. Ho er gravlagd i Åmotsdal. På 1950-talet kjøpte ekteparet Holte husmannsplassen Sneie i Åmotsdal. Der samla dei etter kvart fleire, gamle, lafta hus i tillegg til dei som sto der frå før av.
Eva Bull Holte henta mange motiv frå Åmotsdal, men òg frå andre delar av Vest-Telemark. Dei siste åra var det særleg utsyn i Åmotsdal som gjekk att i verka hennar.
Eva Bull Holte hadde utdanning frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo (1940-44), Statens Kunstakademi (1946-49) og Ecole des Beaux Arts i Paris (1948-52). Blant lærarane ho hadde kan nemnast Per Krohg og Jean Heiberg.
Blant andre målarar som inspirerte Eva Bull Holte, bør særleg nemnast Cézanne.
M. a. Nasjonalgalleriet, Bergen Billedgalleri, Riksgalleriet, Norges Bank, Utenriksdept., Norsk Kulturråd, The National Museum of Women in the Arts i Washington D. C. og Collection Leon Hess i New York har kjøpt inn verk av Eva Bull Holte.
Laurdag 12. juni 1999 blei kunstmuseet på Sneie i Åmotsdal opna av Fylkesmannen i Telemark. Tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B. Holte, kosta museet. Seljord kommune står for drifta i samarbeid med styret i Minnefondet for malerinnen Eva Bull Holte. I 2003 blei museet utvida med eit eige utstillingsrom for gjesteutstillarar.
Åmotsdal håndverkstun
Sommaren 2005 flytta Åmotsdal Handverkstun inn i eit nybygg beint i mot museet på vegen opp mot Sneie. Handverkstunet sel handverks- og kunsthandverksprodukt og tradisjonskost.
Kunstnarhotellet Nutheim Gjestgiveri - frå 1877
I 1978 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstillingar med kunstnare som er knytta til Flatdal. Nutheim Gjestgiveri tek imot bussreisande for bespising og omvising av deira severdighetar.
Dyrskuplassen
Seljord som arrangementstad er kjent langt utover Norges sine grenser. På Dyrskuplassen har Dyrsku`n blitt arrangert hvert eneste år siden 1866. I løpet av tre dager den andre helga i september, besøker 75 000 mennesker fesjået og landbruksmessa som er et av de største arrangementa i sitt slag her til lands. Dyrskuplassen er også arena for Norden sin største countryfestival, dansebandfestival, trekkspillfestival og en rekke andre arrangement og stevner. Dyrskuplassen/festivalområdet ligger idyllisk til mellom høye fjell, ca 1 km. fra Seljord sentrum. Ta kontakt med Dyrsku`n arr. AS for informasjon om leie av plassen.
Lakshøl
Ein akvarell av S. O. Wolff frå 1882 syner at på den tid var det berre eit kvernhus på kvar side av fossen i Lakshøl. Det eldste av desse skal vere det som står på Venåssida.
Wille skriv: "Møllerne kaldes Qværn, og ere 76 i Tallet, hvoraf kun Laxhøl- og Herrefoss-Qværnene gaar Aaret om."
I 1787 budde Olav Kristianson Garvik på Øvland i Krokan og fekk då sylvmedalje av Det kgl. danske Landhusholdningsselkab for han skulle sette istand mylle og sag ved Lakshyl.
Seinare tid: Sudigard Bjørge eig 1/3 part av fallretten i fossen og nordre Øverland eig 2/3. Vassrenna delar seg i to og der er vatnet og fordela på denne måten. (Sjå renna). Bjørge har det øvste huset med mylle og sag - mylla er oppå.
Resten høyrer til Øverland. Fyrst kjem den raude mylla - her var det og turke. Alt dette kan ein sjå restar av enno - maskiner og utstyr. 1 mann arbeidde fast på mylla. Turka vart bruka til matmjølet og elles vart mjølet male og sortera i mange slags renner som ein kan sjå. Det finst og heisemekanismar til sekkane og jernbanegang for ut- og innkjøring.
Nedanfor mylla ligg høvleri og sag. Det var seks mann på høvelen, men høvleriet og saga gjekk ikkje på same tid. Både saga og høvleriet var moderne og tidmessig den tid. 12-13 kunne vere i arbeid i verste skurdene.
I 30-åra kjøpte Eivind Øverland generator og bygde kraftstasjon. Då vart det lagt opp straum til Øverlandsgrendi. 3-4 ljospærer på kvar gard - det var store ting! I fyrst omgang vart dette berre brukt til straum til ljos på Lakshølbruket også. Resten gjekk med vasskraft. Ein del av vassføringa til Lakshøl kraftstasjon fall bort under Sundsbarmutbygginga. Eigaren fekk då erstatning og gratis straum til all drift ved Lakshøl Bruk.
I 1981 selde Sundsbarm turbin og generator til ein privatmann i Vinjesvingen.
Selstadloftet på Koparvollen - Mellomalderloft frå 1200-1300 talet.
Opplev mellomalderbygningen som står på Koparvollen på Brøløs i Seljord sentrum. Selstadloftet er eit unikt kulturhistorisk minnesmerke og ein av dei best bevarte mellomalderbygningane i landet.
Landsbyen i Flatdal
I Flatdal ligg Flatdalslandsbyen med 10 gardstun og 40 hus samla rundt Tunvollen - vegkrysset inni bygda. Liknande tunskipnad finn ein få andre stader i landet. Grunnen til denne busetnaden heng saman med flaumane som ofte har lagt heile flatbygda under vatn. Jorda til gardsbruka ligg såleis i teigar utover mot Flatsjø. I Landsbyen ligg Myklastoga med ei unik samling av gamalt innbu og lausøyre.
Myklestogo
Myklestoga er eit våningshus i landsbyen i Flatdal som inneheld ei samling antikvariske gjenstandar frå Telemark. Hovudvekta av gjenstandane er frå 17- og 1800-talet. Samlinga kan framvise ei breidde og ein kvalitet på rosemåling som er unik. Ei rekke av dei mest kjende målarane er representert.
Samlinga til Myklestoga vart bygd opp av Margit Lien. Ho var antikvitetshandlar og testamenterte alt av antikvarisk verdi til eit eige legat. Legatet overtok huset, og samlinga er i dag i det gamle huset til Margit Lien.
Huset på garden Myklestogo vart bygd i 1480 og ombygd både på 1700- og 1900-talet. Det er i dag freda.
Kunstlåven
Er ein gamal ombygd låve som blir bruka som kunstgalleri.
Øvsttveiten - er det øvste bruket på Seljordsheii, ein gamal sjølvbergingsgard der same slekta har budd i om lag 300 år. Garden har gamle ærverdige hus, 8-10 i talet. Her finn ein t.d stampehus for lin og vadmål som vert drive av eit stort overvasshjul. Dette vasshjulet kan og drive ein taksponhøvel, tresjemaskin og dreiebenk. Stampehuset vart restaurera i 1992.
Blika gruve
I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift på gull og wismuth på gardane Bleka, Barstad, Svartdal, Haugsvold og Svervelid i 1882. Dei fyrste som dreiv gruvene var "Det franske gruvekompani" i Bamble. I 1897 vart det bygd smeltehytte på Blika. På det meste sysselsette gruva 80 mann. Gruva skifta eigar fleire gonger frå 1916 til ca.1930. Det var lite aktivitet i ca 30 år. Så vart drifta tatt opp att i 1932. I 1937-1938 var 17-18 mann sysselsette her. Gruva var i drift til krigsutbrotet i 1940.
Guldnes gruve
Guldnes gruver ligg ved Sundsbarmvatnet 657 m.o.h. omlag 15 km nordvest for Seljord sentrum. Gruvedrifta ligg på ei halvøy som stikk ut i Sundsbarmvatnet. Området er prega av mykje skog og fjell og lite busetnad. I nærleiken ligg grendene Mandal og Langlim. Bilveg langs Sundsbarmvatnet gjer at ein kan køyre heilt fram til gruvene. Omlag ei mil av denne vegen er privat. Han er stengd med bom ved garden Vindsvoll. På Gulnes har det vore gruvedrift i kortare eller lengre periodar frå 1538 til 1880-åra. Mange av dei gruvene og hustuftene me kan sjå i dag, er frå seinare driftsperiodar. Men det er framleis mogleg å finne spor av gamal drift med fyrsetjing i nokre av gruvene. Elles er staden merkt av at Sundsbarmvatnet vart oppdemt på1960-talet. Fleire av spora etter den eldste drifta vart då lagt under vatn. Det var tyske bergfolk som fyrst fann kopar og sylv på Guldnes. I 1538 fekk kong Christian 3. melding om dette. Han ville gjerne starte opp med denne nye næringa. Ein tyskbergmester Hans Glaser, vart tilsett. Han fekk i oppdrag å skaffe arbeidarar frå Tyskland. I løpet av elleve år, 1538 til 1549, kom det omlag 300 tyske gruvearbeidrar hit til Vest- Telemark. Det var ikkje lagt til rette med bustandar eller matforsyningar for dei. Dette førte til at det fort kom til konfrotasjonar med bøndene i området. I 1540 vart det eit stort bondeopprør som samla bønder frå ni bygder. Dei freista å jage dei tyske gruvearbeidarane ut av området. Opprøret blei slått hardt ned ved hjelp av ein kongshær frå Danmark, Bohuslen og Akershus. 16 av bøndene blei dømde til døden. Av desse fekk ti kjøpe seg fri med store bøter. Ein av bøndene blei gjort til bøddel og tok livet av dei fem siste. Den fyrste norske dalaren er laga av sylv frå Guldnes i 1545.
Kulturlandskapet i Svartdal
Kulturlandskapet i Svartdal og Hjartdal øverst i kommunen er nominert til UNESCO sin kulturlandskapspris 2003 for vernede kulturlandskapsområder. Dette er et unikt område som har beholdt småskalapreget og den gamle strukturen. Mange kulturminner har beholdt sin funksjon og sammenheng med miljøet for øvrig. Hus og bygninger bygd på 1800-tallet og tilbake til mellomalderen ligger vakkert til omkranset av gamle urterike slåtteenger. Men husk - ikke plukk telemarksblomsten Søstermarihand - den er nemlig fredet! Vis for øvrig varsomhet dersom du ferdes i området - ta gjerne kontakt med turistkontoret på forhånd.
Gullgråni
Gullgråni står ved den gamle ferdselsvegen over Gjelstadhei øvst i jordet på Kvålsgard. Det er eit særmerkt tre med fylte barnåler og hangande greiner. Botanikarar har vist interesse for treet.
Spådomsnuten - er å finne i Skorvefjellet. Ei spåkvinne har i tidlegare tider spådd at Spådomsnuten skal dette ned i Flatsjø og føre til ri stor flodbolgje. Dette skal hende mot slutten av tida og når det har blitt by mellom Vallaråi og Sjerveåa. Sikkert er det at Spådomskløyvet har blitt ein god del større dei siste åra.
Øverlandseika
Eiketre er ikkje så vanleg i skogane våre, men på Ytre Øverland i Trollebotn står eit stort og gamalt eksemplar. Målingar tyder på at eika kan vera 8-900 år gamal. Den er innhol og gjev plass til 8-10 personar og det må 5-6 vaksne til om ein skal fevne den kraftige eikestamma. I tidlegare tider var det gjævt å ha sett Øverlandseika.
Bruredynnan - fornminne i Rondebergåsane ved enden. Her kan du sjå restar av fleire tusen år gamle hellemålingar.
Sjøormen
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vore knytta til eventyr, folkeviser, fantasi og skapartrong, ligg Seljordsvatnet og rugar på sin store løyndom. Kva er det eigentleg som gjøymer seg under den blåe, venlege overflata?
I 250 år, og truleg enda lenger, har folk hevda å ha sett eit stort og ormeliknande dyr i Seljordsvatnet. Den fyrste skriftlege omtala går tilbake til 1750. Då skulle Gunleik Andersson Verpe frå Bø ro eit flyttelass frå Ulvenes til Nes. Då han var midt ute på vatnet dukka det opp en sjøorm som gjekk til åtak på den eine av dei to pråmane hans og kvelvde han. Korleis det gjekk med Gunleik Andersson Verpe seier ikkje soga noko om. Nokre tiår seinare, i 1786, fortel Hans Jacob Wille om ein merkjeleg skapnad i boka si, Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre-Tellemarken i Norge. Wille seier ingenting om storleiken på dyret, men han "skal være meget rar, men derhos den forgiftigste av alle. Den gaaer under Vandet, som en Aal, og for endeel Aar siden hug den en Mand i sin store Taae, medens han barbenet vadede over Laxhøl Elven". Seinare har fleire hevda at dei har rodd på sjøormen, atter andre at dei har sett eit stort dyr som har glidd ut frå strandsteinane og ned i vatnet. Somme samanliknar hovudet med det til ei krokodille, andre med hovudet til ein hest eller ein elg. Somme ser eit dyr på nokre meters lengd, medan andre talar om lengder på både 30 og 40 meter. I alle høve er det snakk om svært mange observasjonar, i gjennomsnitt fleire kvar sommar. Ikkje minst gjennom dei siste tiåra har det vore mange observasjonar, og nesten alltid på den varmaste tida midt på sommaren. Nå er ikkje sjøormar berre eit Seljords-fenomen. Sjøormar har vore sett praktisk talt over heile verda, og langs norskekysten har det i fleire hundreår vore sett store og uforklarlege sjødyr. Faktisk er denne kyststrekninga spesielt rik på observasjonar, også i verdsmålestokk. Olaus Magnus (1500-talet), Erik Pontoppidan d.y. (1700-talet) og mange andre har gjeve til dels detaljerte og dramatiske skildringar av korleis dei ymse skapnadene såg ut. Ikkje minst frå 1800-talet finns det mange observasjonar, medan det frå vårt eige hundreår er heller få. Også frå ferskvatn finns det fleire soger frå ymse stader i landet, men i dag er det fyrst og fremst i Seljordsvatnet at folk stadig hevdar å sjå uforklarlege rørsler i vatnet. Observasjonane i Seljordsvatnet reiser ei rekkje spørsmål: Kor truleg er det at det kan finnast eit stort dyr i Seljordsvatnet? Korleis kan eit slikt dyr ha kome dit? Og er Seljordsvatnet spesielt på nokon måte i forhold til andre middelstore innsjøar? Nokre enkle fakta om vatnet ser ikkje ut til å gje noko klårt svar: det er om lag 15 kilometer langt og nesten to kilometer breidt på det breidaste. Største djup er om lag 150 meter, medan gjennomsnittsdjupna er på mellom 50 og 75 meter. I norsk målestokk er Seljordsvatnet såleis ein heller grunn innsjø. Det kan og nemnast at det ligg fleire mil frå havet. I geologisk samanhang ligg vatnbassenget i 1000 millionar år gamle bergartar, i hovudsak kvartsittar, som gjev dårleg jordsmonn og næringsfattige vatn. Vitskapen er klår i si meining om at Seljordsvatnet umogleg kan innehalde ein sjøorm (dersom slike skulle finnast), og det er to viktige grunnar til dette. For det fyrste tilseier storleiken på vatnet at det er alt for lite til å kunne fø eit dyr, og då helst ein familie av dyr, på ti, femten eller tjue meters lengde. Alt ein veit om kva plass ville dyr av ein viss storleik treng tilseier at Seljordsvatnet ville vere som eit trongt lite akvarium for ein fleire meter lang sjøorm. For det andre var det for berre 10.000 år sidan ikkje noko Seljordsvatn, av di heile bassenget var fylt med is. Havet sto på den tida inn på Øvrebø-moen, altså ved den noverande austenden av vatnet, men det er svært lite truleg at det nokon gong har gått inn i sjølve bassenget.
Trass i desse avgjerande argumenta mot at det skulle finnast ein sjøorm i Seljordsvatnet held både fastbuande og turistar fram med å sjå merkjelege rørsler ute på vatnet, og merksemda rundt fenomenet har ikkje vorte mindre etter den store internasjonale sjøormekspedisjonen sommaren 1998, der Discovery Channel kjøpte eksklusive rettar til å dekkje søka etter ormen. Nokre venta seg kan hende at ekspedisjonen skulle gjere sensasjonelle funn. Slik gjekk det ikkje. Men analysane frå dei registreringane som blei gjorde er nå tilgjengelege, og dei inneheld meir enn nok til å halde mysteriet ved like, i alle fall dersom ein har ein flik av tru ... .
Mannsslagarroet - er ein djup villmarksdal ved foten av Mannslagarnuten. Namnet skriv seg frå segner om at ein fredlaus har løynt seg i denne avdalen. Segna seier at Olav Garvik drap ein unggut som heitte Torgrim Svartdal i eit bryllaup på nabogarden Øverland i 1684. Olav rømde til Roet og helt seg løynt der i nokre år, men blei så teken, dømt og halshoggen ved Seljord kyrkje.
Kovadølen - På denne garden i Norbygdi blei det under planeringsarbeid i 1980 funne ei hellekiste frå om lag år 400 e.Kr. Gravkammeret, som er bygd opp av steinheller, er etter måten stort, 2,70 m langt, 0.70 m breitt og 0,80 m høgt. I grava blei det gjort eit rikt funn som syner at ein mektig person vart gravlagd her. På same garden har det ståt ei gardskyrkje vigd til St. Laurentzius.
Kivledalen er kjent for segna om Kivlemøyane. I denne særmerkte fjelldalen skal det ha stått ei kyrkje i katolsk tid. Segna fortel om tre ungjenter som gjette geiter oppi dei bratte grasberga høgt ovom kyrkja. Dei var så gode til å spela på bukkehorn og fløyter, vyrde ikkje messetida, men let tonane fløyme over dalen. Tonane nådde heilt inn til folket i kyrkja og lokka dei ut påkyrkjebakken midt under messa. Den katolske presten blei så harm at han steig ut på kyrkjetrammen i full messeskurd, lyfte armane mot Kivlemøyane oppe i fjellet og mana dei i stein. Dei blei til tre steinblokker som stod på egg oppi Kalvejuvet. I dag er det berre ein av steinane som står oppe, men segna om Kivlemøyane og slåttane dei spela lever framleis i forteljarkunst og folkemusikk.
Flyvrak på Skorve
Under siste krig styrta to fly på Skorve. Desse tragiske hendingane gjekk føre seg hausten 1944. Det eine var eit amerikansk fly som var ute med våpenslepp til den norske heimfronten. Det kollidera med Skorvefjellet i Langfjøllhaddin rett nedom Gøysen. Det andre var eit tysk transportfly som rende mot Hestenuten lenger nord på Skorve. Mange menneske miste livet i desse ulykkene. I dag kan ein fortsatt sjå restar etter flyvraka.
Ballongfararsteinen
Ballongfararsteinen er reist på Lifjell til minne om to franskmenn som kom i ballong frå det beleira Paris heilt opp til Lifjell i november 1870. Ei dramatisk, lang og kald ferd frå ein krigstruga by, som enda på Lifjell ovanfor Strondegardane. Brørne Harald og Klas Strand fann dei franske ballongfararane medan dei dreiv med tømmerkøyring, morgonen etter dei hadde dotte ned. Hendinga blei kjent over heile landet og franskmennene blei feira som heltar under ferda frå Seljord til Kristiania. Gunnar Sveinsson har laga eit lokalhistorisk spel med ballongferda som tema og Einar Østvedt har skrive boka "Den første luftferd over Norge".
Ståle Åsheim
Soga fortel at Ståle var i eit lag saman med bror sin då han kom i klammeri med han. Kniven hekk laust i slira den tidi, og Ståle som både var full og snøggsinna, stakk ned bror sin. For dette drapet vart Ståle lyst fredlaus. Han rømde og gøymde seg i ei berghole i Skorvefjellet. Men vinterkulda og svolten dreiv han ned att til grendi. Der gøymde han seg i loftet heime på Åsheim. Dette buret vart som ei festning for Ståle, som laga skyteskår i veggane. Såra er synlege den dag i dag.
Han var slik ein skarpskyttar at ingen torde nærme seg buret. På denne tida var det sju røvarar som lensmannen ikkje fekk tak i. Dei heldt til oppe ved Sundsbarm. Så vart Ståle lova fridomen om han kunne fange eller drepa desse illgjerningsmennene. Ståle la i veg, og han trong ikkje leite lenge før han fann dei han var ute etter. Men så gav Ståle seg til å kleie og riste på seg og let som han var ille plaga av lus. Han spurde karane om det var råd å få koke kleda sine hjå dei. Jau, det skulle det bli ei råd med. Ståle fylte gryta med oske og vatn, og let det koke både lenge og vel. Om natti medan røvarane låg og sov, tok Ståle den kokande gryta med lut og slo over dei sovande mennene. Dei tumla opp, men vart heilt blinda, og Ståle gjorde ende på alle saman. Så for han ned att til bygda som ein fri mann.
Guro Heddelid er ein segnfigur frå middelalderen med heimstad Grunningsdalen. Ho kom frå storgarden Heddelid. Det heiter seg at den låg innerst i Grunningsdalen, men blei teken av ras. Me kan i dag sjå der det ein gong har gjenge store ras, men ingen veit heilt sikkert kvar denne garden låg. Guro var ei stolt, sterk og ættestor kvinne som det gjekk gjetord om. Hit kom kjempekarar og friarar og mang ein kamp gjekk føre seg i Grunningsdalen for Guro si skuld. Segni seier at Guro strauk med under svartedauen i 1349.
Gagnås - er fjellpartiet mellom Trollebotnen og Seljordsdalen. Tradisjonen vil ha det til at det ligg ein tussegard inni dette fjellet. Det er opningar i fjellveggen frå Garviksida ved Gjelstad. Syster av Hølje Dale i Trollebotnen, Gonill, blei kvervd inn i fjellet til tussegarden og blei der alle sine dagar. Hølje vitja henne ein gong, og denne hendinga har han skrive eit dikt om i år 1860.
