
| Hovedside | / | Hotell | / | Restaurant | / | Weekendtur | / | Reiseforslag | / | Bryllup | / | Konferanse | / | Booking | / | Om Oss |
Kalvåg i seg sjølv er eit stort levande hotell!
Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast.
Knutholmen har vidareført overnatting i trebygningar frå 1907 og 1908. Kjøpmennene var den gangen pålagde å gje husvære til reisande.
Knutholmen har overnatting i nyrestaurerte sjøhus. Del eldste er ifrå 1880, 1907 og 1908. Vi har alle romma med dagens standard og nye leilegheiter tilpassa byggeskikken i bygda.
I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, rom eller leilegheiter, restauranten, puben, dansegolvet og møteromma.
Heile Kalvåg er eit stort levande hotell!
Når du kjem til Knutholmen har du teke steget inn i ei maritim verd.
Familien Fosse som eig og driv staden har lagt vekt på at den gamle sjøbustilen vert teken vare på.
Som båt gjest på Knutholmen finn du ei av dei finaste og best besøkte gjeste hamnene på Vestlandet. Vi har plass til 150 båtar samstundes i 3 anlegg. På Knutholmen og på Bua har vi dusjar, vaskemaskin og tørketrommel.
I Kalvåg får du alle tenester som diesel, fri bosslevering, straum m.m.
Knutholmen
N-6729 Kalvåg
Tel +47 57 79 69 00
Fax +47 57 79 69 01
E-post post@knutholmen.no
www.knutholmen.no

