Kurs og konferanse på Hotel Ullensvang

"EIT MØTE MELLOM FJORD OG FJELL"

La snøkledde fjell og djupblå fjord inspirere til nytenking og kreativitet, slik Edvard Grieg ein gong let seg inspirere. Ein konferanse på Hotel Ullensvang er meir enn eit møte.

Hotel Ullensvang har ei topp moderne kurs- og konferanseavdeling. Her finn de lokale velegna for små eller store arrangement, og hotellet disponere det meste av tekniske hjelpemidlar. Vår konferansevert er tilgjengeleg under heile arrangementet og syter for at rammene rundt vert slik de ynskjer.

Konferanseavdelinga har eigen lobby og tilgang til avskjerma salongar for kaffipausar eller meir uformelle møte.

HARDANGERPAKKAR

Me tilbyr gjerne ei tilleggspakke for å oppgradere møtepakken slik at du får ei enda flottare oppleving! Alle Hardangerpakkane byrjar med ein smak av Hardanger - så veljar du din eigen pakke. Meir røpar me ikkje her på nettet..

. 24 timars resepsjon
. 344 senger i 172 rom: 135 standard, 20 deluxe, 9 junior-suiter, 8 suiter
. Alle rom har bad, radio, satellitt-tv, minibar, hårtørkar og fri tilgang til internett.
. Gratis trådløst Internett på heile huset
. Gratis parkering, inkl. eige parkeringshus med 60 plassar
. Landingsplass ved hotellet for helikopter & sjøfly


VEGEN HIT:

Heilårsveg med bil frå:
Oslo   (370 km - 5 t)
Bergen  (127 km inkl. ei ferje - 2.5 t) (*)
Haugesund  (170 km - 2.5 t)
Stavanger (186 km - 4 t)
Kristiansand  (360 km - 5 t)
Larvik  (360 km - 5 t)

Dagleg:Ekspressbuss frå Oslo.
Forbindelse til/frå Bergen via buss og ferje.
Sommarhalvåret:Dagleg forbindelse med Oslo via Geilo, (tog/buss).

Heile året:Tilsvarande tog/buss-forbindelse med Oslo via Voss.
Frå 2013: Ferjefritt til Bergen over Hardangerbrua, 2 t Lofthus-Bergen.

Les mer om Hotel Ullensvang

Abonner på vårt nyhetsbrev

Her finner du konferansehotellet

Klikk her for større kart

Send forespørsel konferanse