forsiden / konferanse / Kviknes Hotel

Konferanse på Kviknes Hotel

Kviknes Hotel har alt som skal til for at konferansar og selskap av ulikt slag skal bli ei minnerik oppleving. Vår nye konferanseavdeling gjer oss i stand til å ta imot konferansar på opptil 450 deltakarar.
Salane er utstyrte med med det siste innan AV-utstyr og eit moderne friskluftsanlegg gjer sitt til at utbytet av konferansen vert større.
Ved å halde konferanse eller møte hjå oss får du ei flott oppleving i historiske omgjevnader:

Ta deg eit lite pusterom mellom lange møtesekvensar ved å:

  • Rusle gjennom salongane og nyte godt av det den kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar.
  • Nyte naturen, fjell og fjord frå ein godstol i hotellhagen.

Du kan og gjere som så mange andre som kjem til Balestrand, vandre rett inn i den nasjonalromantiske scena som har inspirert kunstnarar i over hundre år. Den spesielle atmosfæra får du på kjøpet.
For å gjere opphaldet fullkome, kan me sjølvsagt tilby mange ulike aktivitetar som er med på å gjere opphaldet spesiellt.

Konferansefasilitetar

  • Kviknesalen 354 m2, kan delast opp i tre like delar med 118 m2 i kvar.
  • 3 trådlause myggar
  • 8 Stasjonære mikrofonar     
  • 3 takhengde prosjektorar
  • 3 Lerred, det største på 4x5 meter
  • PC/VHS/DVD
  • Musikkanlegg (CD, IPOD)
  • Teleslynge
  • Trådlaus betjening av alle tekniske funksjonar
  • 10 mindre møterom/grupperom

Kapasitet

  • Spesialinnreia kurs- og møtelokale:
  • Kviknessalen 1 (118m2:): Selskap 80, klasserom 85, kinosal 150, parkett
  • Kviknessalen 2 (118m2:): Selskap 80, klasserom 85, kinosal 150, parkett
  • Kviknessalen 3 (118m2:): Selskap 80, klasserom 85, kinosal 150, parkett
  • Kviknessalen 1 + 2 (236m2): Selskap 160, klasserom 170, kinosal 300, parkett
  • Kviknessalen 1 + 2 +3 (354m2): Selskap 250, klasserom 250, kinosal 450, parkett
  • "Privaten" (98m2): Selskap 70, klasserom 75, kinosal 100, teppe
  • Høyviksalen (90m2): Selskap 60, klasserom 45, kinosal 55, parkett

Hotellfasilitetar og opplevelsar

  • Robåtar tilgjengeleg
  • Bordtennis
  • Naturstiar
  • Sauna
  • Boblebad
  • Innhaldsrik vinkjellar

Aktivitetar

  • Kulturvandring I Balestrand m/guide
  • Paintball
  • Fjordrafting
  • Fjellturar m/guide i Balestrandfjella
  • Kajakkpadling på Sognefjorden
  • Vinsmaking
  • Kokekurs
  • Fisketur på Sognefjorden
  • Fjordcruise
  • Brevandring

Send forespørsel

Les mer om Kviknes Hotel her

Abonner på vårt nyhetsbrev

Her finner du konferansehotellet

Klikk her for større kart

Send forespørsel konferanse