Knutholmen Kalvåg

forsiden / hotell / Knutholmen

Knutholmen - Mat & Meny

Restauranten vår er ei gammal sjøbu av øksa tømmer som kom ifrå Bergen rundt 1880. Her er det originale treverket teke vare på og i puben finn du fortøyningspullert som vart nedsett i år 1810.

Vi har mat frå havet som vår spesialitet. Ferske råvarer er viktig for eit godt resultat, vi ligg så og seie midt i spiskammerset med fiskefelta berre eit steinkast utanfor.

Restauranten manglar ingenting.

Her finn du båten, skjeret, auseskjæret, tønna, taukveilen, snekka og fjæresteinane. Utanfor har du akvariet med fiske frå området.

Vi er kjende for god mat i Kalvåg. Dette omdømme set vi vår ære i å halde fast ved. Vi tykkjer mat er spanande og råvarene frå havet får du ikkje ferskare enn i Kalvåg!

Vi legg vekt på tradisjonsrik fiskemat, i tillegg likar vi å finne på nye rettar basert på dei råvarene vi finn i havet rundt Kalvåg.