Sognefjorden

Romantisk opphold i Balestrand

Gjelder 1. mai - 30. september 2017

La romantikken blomstre


På Kviknes Hotel er ramma satt for rolege dagar med din kjære. Det er noko med stemninga. Ho gjer noko med deg. Skuldrane senkar seg, pulsen går jamnare og ting fell på plass.

Du finn alltid noko vakkert å kvile augo på. Anten det er menneskeskapt som sjølve det majestetiske trehotellet, den nasjonalromantiske kunsten på veggane, eller sjølve originalen; naturen, fjella og den stadig skiftande himmelen.

I tillegg til flott utsikt og atmosfære, er maten ein viktig del av opphaldet, og ved Kviknes vert det lagt vekt på sanselege opplevingar som skal gje gode minner som set spor. Me nyttar så langt det er mogeleg lokal mat. Samstundes baserer kjøkkensjefen sine menyar på dei ferskaste råvarene, med Sognefjorden som eit ypparleg matkammer. La romantikken blomstre og nyt tiden saman i vakre omgivnader.

Pris 1.660 kr per person i standard dobbeltrom per døgn.

Tilbodet inneheld

- Overnatting og frukost på rommet

- Frukt, Balholm eplejuice og musserande vin på rommet

- Koldtbord

- Fireretters middag