Loen i Nordfjord

Skåla

Gjelder 1. juni - 31. oktober 2017 (avhengig av været)

Kanskje den aller flottaste fjellturen i Norge


Kombiner herleg lokalmat i Gloppen med den populære vandreturen til Skåla (1848 moh), kanskje den aller flottaste fjellturen i Norge. Skåla  er ein spektakulær topptur med utsikt over fjord, fjell og isbrear som tradisjonelt er rekna å være den toppturen i Norge med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjord-natur på alle kantar.

Turen startar frå Tjugen 1 km frå Loen, nesten inne ved Lovatnet. Her finn du informasjonstavle om turen. Turen startar på traktorveg, og går over på sti eit stykke oppe i skogen. God sti heile vegen. Nokre stadar er stien hellelagt, og når du kjem høgt opp går stien over i steintrapper. Stien er merka heile vegen. Tur/retur bør ein rekne 7-8 timar.

Du ankjem Gloppen Hotell kvelden før, der vi ventar med eit herremåltid av lokale smakar, alt eigenprodusert og av råvarer frå området. Overnatt i våre historiske eller nordiske dobbeltrom og kvil dykk opp til den fine turen som ventar.
Dagen startar med vår heimelaga frukost. Så får de utlevert nistepakke, alt heimelaga og lokalt og spesielt tilpassa ein lengre fjelltur. I tillegg får de utlevert veibeskrivelse og turinformasjon.

Sett av vel ein time til bilturen fram til startpunktet på Tjugen i Loen.

Turen opp til Skåla tek alt i frå 3 til 5 timar, avhengig av kondisjonsnivå. Om ynskjeleg, kan ein velje å overnatte i det spektakulære Skålatårnet til neste dag. Vakn opp på Nordfjords tak.

Gjelder i perioden juni – oktober (avhengig av snø)

 

995 kr pr person pr natt i dobbeltrom

inkluderer følgende; 3-retters middag av lokale smakar, overnatting i historiske eller nordiske dobbeltrom, vår heimelaga frukost, nistepakke og veibeskrivelser til startpunkt for turen.