Fengselet Mat & Vinkjellar
Hjem / Restaurant / Fengselet Mat & Vinkjellar

Etablert 2000

Fengselet Mat & Vinkjellar

Historisk restaurant på Leirvik

Fengselet Mat & Vinkjellar på Leirvik vart bygd i 1864 og var i drift i om lag hundre år. Siste fangevoktaren, Bertinus ”Tinusen” Larsen og kona hadde stor omsut for fangane og var kjende for det gode matstellet. På folkemunne vart fengselet omtala som ”Hotell Tinus”.

I dag er det restaurant og bar i dei historiske lokala. Framleis er det hyggeleg servering og god mat som står i sentrum. Sjølve celleavdelinga inneheld ein roleg lounge. ”Lounge Tinus” vert den kalla, og er staden for å slappa av med noko godt i glaset og kanskje litt tapas?

Restauranten er i kjellaren under celleavdelinga og Rettsbygningen. Kvitkalka vegger og skifergolv lagar ein atmosfære som gjer at ein raskt gløymer tid og stad.

Under den gamle Rettsbygningen ligg Vinrommet, der vinen ligg lagra bak gitter. Faklar på veggene, kvite dukar på bordet utgjer den perfekte ramma for eit lystig lag på inntil 12 personar.

Åpent:
Ttirsdag – Laurdag kl. 1800 – 2400
Sundag og Mandag på førespurnad

Kapasitet: 
Restauranten 48 personar
Vinrommet 12 personer
Fengselet, selskap 30 personer

Møtesefasiliteter:
6 – 30 personer

_________________________________________________________________

Fengselet Mat og Vinkjellar

Restaurant/spisested på Stord, Leirvik

Jens Hystadvei 14
N-5411 STORD
Telefon: 53 41 77 60
Faks: 53 41 77 61
E post: fengselet@fengselet.no
Hjemmeside:  www.fengselet.no
Booking:fengselet@fengselet.no