Kviknes topp 1

Sommer i Balestrand

Kviknes Hotel

På Kviknes strekkjer gjestgjevar- tradisjonane seg tilbake til 1752. Familien Kvikne som i dag eig hotellet, overtok i 1877. Frå då av starta ei rivande utvikling som har halde fram heilt til i dag. Hotellet vart reist i sveitserstil. Mange nybyggingar, ombyggingar og utvidingar har ikkje gått ut over særpreget til staden. Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei største turisthotella i Noreg. Hotellet har samla ei menge kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.

Maten er ein viktig del av opphaldet og ved Kviknes blir det lagt vekt på sanselege opplevingar som skal gje gode minne for livet. Kjøkenet er internasjonalt, både når det gjeld tilsette og matrettane. Så langt det er mogeleg blir det brukt lokale råvarer og fjorden er eit ypparleg matkammer.Hotelldirektør og hovmeister supplerer med vin frå den rikhaldige kjellaren.

Hotellet er eit flott utgangspunkt for utflukter til nærliggande attraksjonar som Norsk Bremuseum, Norsk Villakssenter, Urnes stavkyrkje og Flåmsbana.
Balestrand tilbyr ei rekke flotte fjellturar av ulik vanskelegheitsgrad. Her kan ein utforske på eigen hand eller leige guide gjennom turistkontoret.

Kviknes Hotell  har gleda av å tilby fylgjande spesialtilbod i perioden 01.-31.07.2009:
 
Overnatting med halvpensjon minimum 2 døgers opphald.
Kr 1125,- pr. person i standard dobbeltrom pr. døgn 
Kr 1375,- i enkelt standard rom pr. døgn

 
Prisen inkluderer kveldens vårt rikholdige koldtbord med varme rettar den eine kvelden og Kjøkkensjefens anbefalte 4 rettars meny den andre, overnatting, frukostbuffet. Det vil også vera ei lita overrasking på rommet ved ankomst.

Dette tilbod er kun tilgjengeleg ved reservasjon over vårt Online System.