
| Hovedside | / | Hotell | / | Restaurant | / | Weekendtur | / | Reiseforslag | / | Bryllup | / | Konferanse | / | Booking |
Natur & Kultur i området rundt Noregs eldste hotell, Walaker Hotell anno 1640
Velkommen til nokre draumedagar på Noregs eldste hotell, på Walaker Hotell i indre Sogn.
Hugsar de at Dagens Næringsliv ga Walaker Hotell 25 poeng i deira hotelltest av Walaker Hotell den 10 sept. 2008? Walaker Hotell låg på topp i hoteltesten i eit heilt år!
Med ”Natur & Kultur” kan de besøka oss og få oppleva alt det gode me har. Vårast ynskjer er at de skal få eit opphald i Indre Sogn som vil setje spor i sjela.
Langs Sognefjorden har me ein svært vakker og urørt natur. Her er store fjellområdar, som nesten ingen har gått i før deg. Elles finst det mange godt merka turar med gode kart.
Ein liten times køyring frå Solvorn, og Walaker Hotell, ligg Nigardsbreen. Nigardsbreen er ein lang og majestetisk brearm av Jostedalsbreen. Her vil ein kunna få guida fotturar, eller vera med på blåisklatring på breen.
Ved foten av breen ligg bremuseet i Jostedal. Her har dei rikhaldig informasjon om korleis breen har utforma både fjell, dal og fjord.
Rett over fjorden for Walaker Hotell ligg Urnes stavkyrkje som er den eldste stavkyrkja i verda, bygd ca. år 1130. Urnes stavkyrkje er med på UNESCO si liste over verdsarv.
I høgsesongen går det ferje kvar time, medan hotellet hjelper til med transport i mai og september.
I området rundt hotellet finst det mange sjåverdigheitar som: Nærøyfjorden, Flåmsbana, bremuseet i Fjærland, samt fleire mellomalderkyrkjer.
For den som ynskjer seg ut i skog og mark, er det berre til å ta på seg turskoa og gå til fjells.
Det er fjelltoppar som ligg innan 2- 5 timars gange rundt hotellet. Molden (1118 moh) er eit godt turmål. Herifrå ser vi store deler av Jostedalsbreen, Sognefjorden som snor seg rundt, og ned på Urnes stavkyrkje.
Overnatting:
Hjå oss vil de få overnatting i historiske omgivnadar, enten i huset Tingstova eller i hovudhuset.
Tingstova er eit hus som har vore brukt til nettopp dette; tinghus. Huset er oppført ca 1630-1650, med fire spennande gjesterom i 2. etg. Medan hovudhuset har sju elegante gjesterom i 2. etg.
Me har også eit nyare hus med 11 flotte og moderande rom.
Før middag, ca kl 19:30, ynskjer vertskapet velkomne til Solvorn og Walaker Hotell.
Middagen er ein betre fireretters meny som kjøkkensjefen har sett saman, kan hende med sjøkreps frå fjorden rett utanfor, eller anna lokal og kortreist råvare. Middagen vil bli servert i vår vesle restaurant, og me vil då ha reservert eit hyggeleg bord for dykk.
Etter middagen vil det verta omvisning i vårt spennande galleri. Galleri Walaker 300 held til i den gamle låven som vart bygt 1883. Her har me utstillingar i tre etasjar, og det vil vera utstillarar frå heile landet.
Omvisninga vil niande generasjon på hotellet stå får. Me vil mellom anna fortelja om hotellets og bygda si historie. Me prøver også å få gjestene med oss ”tilbake” i tid, ved å setja dei inn i korleis det var her for 150-200 år sidan.
Før de reiser frå Solvorn og Walaker Hotell, vil de få smaka på eplejuice og bringebærnektar frå Solvorn og brun geitost frå Veitastrond.
30 april og til 17 juni 2010
23 august til 26 september 2010
Pris pr. person i dobbeltrom, med 2 overnattingar kr 3200,-
Inkludert i prisen er: 5 liter heimelaga eplejuice frå Solvorn, samt 250g. heimeysta brun geitost frå Veitastrond.
Pris pr. person i dobbeltrom, med 2 overnattingar kr 2700,-
Inkludert i prisen er: 5 liter heimelaga eplejuice frå Solvorn, samt 250g. heimeysta brun geitost frå Veitastrond.
Hjarteleg velkomne skal de vera til familien Nitter Walaker og Walaker Hotell!
