Bestill nå
Fra kr 1 550

Feiring i same omgjevnader som "Brudeferden i Hardanger"


Eitt jubileum eller selskap på Hotel Ullensvang blir meir enn ei samling. La snøkledde fjell og ein djupblå fjord skapa rammene for ei flott markering. Med lang erfaring som vertskap for ulike tilstelningar, er dette noko vi set pris på å arrangera. Våre selskapslokale har frå 10 til 350 plassar.

Foto: Gunn Gravdal Elton

Hardanger er vel sjølve vogga for nasjonalromantikken. Ei betre ramma rundt bryllaup enn blømande frukttre, kvite isbrear og djupblå fjordar kan vel neppe tenkjast. Kva med å gifta seg i steinkyrkja som Tidemand og Gude foreviga i maleriet "Brudeferden i Hardanger"? Eller kanskje på ei lita øy i hotellet sin fjordhage, eller i hotellet sitt tårnrom? Eller hjå sorenskrivaren som er næraste nabo til hotellet?

På Hotel Ullensvang er alt dette mogleg. Vi har ei rekkje små og store lokale både for vigsel og feiring av den store dagen. Vi har også ein nøkkelperson på huset som kan stå for vigselen om ynskjeleg, både på norsk og engelsk. Dette gjeld både proforma seremoniar, men og Human-Etiske vigslar (det forutset at minst ein av brudeparet er medlem av Human-Etisk Forbund).

Hotel Ullensvang kan skape ditt draume-bryllaup. Ta kontakt for meir informasjon og/eller kontakt vår salsavdeling for eit uforpliktande tilbod!



Bordoppstilling


Skole
260
Kino
800
Bankett
350
Hestesko

Forespørsel selskapslokaler


Overnatting?
Dersom stedet er fullbooket ønsker jeg tilbud fra andre steder i samme region