Bestill nå
Fra kr 1 350

Den mest romantiske fjorden


Hardanger er sjølve vogga for nasjonalromantikken, og ikkje minst takka være bløminga blir Hardangerfjorden kalt for den mest romantiske fjorden.

Distriktet har inspirert mange forfattarar, målarar og komponistar gjennom åra og klarer framleis å inspirere og imponere sjølv dei mest bereiste.

Allereie i 1877 hadde Hotel Ullensvang gleda av å ha komponisten Edvard Grieg som gjest. Her fann han inspirasjon til både "Våren", "Peer Gynt-suite" og "Holberg-suiten". Komponisthytta hans står i hotellhagen den dag i dag, med utsikt mot den majestetiske Folgefonna, som speglar seg i den glitrande blå Hardangerfjorden.

Tidemand og Gude festa naturen sine overveldande inntrykk på lerret i "Brudeferden i Hardanger" og "Hadde jeg visst her var så vakkert, hadde jeg kommet før", sa Bjørnstjerne Bjørnson etter vitjinga si i Hardanger.