Bestill nå
Fra kr 1 095

Ei helg full av lukt, smak, oppleving og inntrykk


Fylle opp med kunnskap om mat og matkultur om dagen, slappe av med god mat og drikke om kvelden. Samlast kring ein eldplass ute eller langs matbordet på Fossheim. Slik kan det vera på matkurs på Fossheim.

Vi held kurs både vår, haust og vinter. Fossheimkjøkenet har lang erfaring med matkurs. Vi er stolte av faget vårt og formidlar kunnskapen på ein framifrå måte. Fossheim har også eit spennande utvalg av vinar. Hotellvert Svein Garmo er Fossheim sin eigen vinelskar og sjølvlært vinspesialist med stor omsorg for vinkjellaren sin. Svein held gjerne vinsmaking/vinkurs. Fossheim skreddarsyr gjerne kurs og aktivitetar for små og store grupper. Velkomen til matglade dagar på Fossheim!