Aktiviteter


I samarbeid med små, lokale bedrifter tilbyr vi eit rikt utval opplevingar. Våre guidar veit kor Sunnfjord sine skjulte perler ligg. Vi skreddarsyr opplevingar til deg, anten du er Villa Åmot ein dag i samband med møter, eller på feriere over fleire dagar. Vi gjev kvar dag spennande innhald, og let deg oppleve regionen og den fantastiske leikegrinda naturen rundt oss utgjer. Sjå heimesida til Villa Åmot for døme på pakkar. 

Døme på to-dagars pakke

Dag 1. Guida tur til Storehesten (1209 moh).
Vi pakkar lunsj frå Villa Åmot og legg ut på ein guida tur til Storehesten. Vel oppe ser du heile Sunnfjord! Det er ein hard tur – men den er verdt det. Turen står på ”må-oppleve-i løpet-av-livet-lista” til mange her i Sunnfjord.

Dag 2. Privat båtcruise på Dalsfjorden.
Kapteinen og kona hans guidar deg langs den 43 kilometer lange fjorden. På det smalaste er fjorden berre ein halv kilometer brei –landskapet er som kappa av ein kniv. Om du vil stoggar båten ved Laukelandsfossen, så du kan symje i det mektige fossefallet. 

 

Unike opplevelser

Bordet er dekket, rommet står klart og opplevelsene venter på deg. Med våre unike pakker er du garantert store øyeblikk og god mat i vakre omgivelser.