Møte på Villa Åmot
Foto: Thomas Barstad Eckhoff
Bygstad i Sunnfjord

Konferanse- og møtelokaler på Villa Åmot

Møteplassen i Sunnfjord


På Villa Åmot er ingen ting overlate til tilfeldigheitene. Vi har kort veg frå høygaffel til sølvgaffel, råvarene er henta frå matfatet vi bur i. Her dyrkar vi også arven etter tante Rollaug, den siste mjølkebonden på Åmot. Ho var glad i gjestar, som ho alltid ønskte velkommen ute i tunet. Og ein måtte alltid ete fyst. Å vitje Rollaug var å få det vesle ekstra – i rikt monn. Å ta vare på folk var hennar natur. Eit besøk hos oss skal bringe velvære – og ei kjensle av å ha blitt teken god vare på.

Villa Åmot sitt møterom er Operalåven. Når du legg ditt møte til Villa Åmot, anten det er eit lite styremøte med overnatting og heilpensjon, eller eit seminar for 80 personar, ønskjer vi å ta deg ut av kvardagskjas – og inn i gode rom for diskusjon, kreativitet og refleksjon.

Vi skreddarsyr møteopplevinga etter dine ønske og tek oss av alt det praktiske – så du kan vere kreativ og leiken. Å legge møtet ditt ut av ”eige hus” opnar for andre opplevingar, prosessar og tankar. Vårt kulturmiljø gjev gode råmer for dette. Vi trur kvalitet avlar kvalitet

Eit godt møterom er eit rom som inspirerer – og gjev tankane luft. Dei nydelege interiørdetaljane og fargane vår interiørdesignar Gunvor Røkholt har fått fram, gjev ro i kropp og sjel og kreativitet til nye tankar. Roen, freden, stillheita og det gode vertskapet på Villa Åmot, er nøklane til at du kan fokusere på det du skal gjere.

Våre moderne møtefasilitetar har alt du treng og forventar. Vi kan skalere frå lite styremøte til store seminar, med alt det tekniske du treng og krev, inkludert fiberbreiband av beste sort.

Ønskjer du å oppleve noko litt ekstra? Kva med ei vitjing hos nabobonden, turar på Dalsfjorden eller fjellet Storehesten (1202 moh). Vi skreddarsyr opplevingar etter dine ønskje.

TEKNISK UTSTYR

  • Doble prosjektørar i Konsertsalen
  • Doble prosjektørar i Operasalen
  • Lydanlegg for konsertar og møte i begge salar.
  • Det er høve til å opne opp mellom salane
  • Høghastigheitsfiber i alle bygg

KORLEIS KOMME HIT

  • 6 km frå Førde lufthamn, med direktefly til og frå Gardermoen (50 min) og Flesland (20 min).
  • 3 timar nord for Bergen.
  • 20 min sør for Førde i Sogn og Fjordane.

 



Bordoppstilling


Skole
40
Kino
150
Bankett
100
Hestesko
40