Bestill nå
Fra kr 1 130

Minnerike møteopplevelser


Kviknes Hotel har alt som skal til for at konferansar og selskap av ulikt slag skal bli ei minnerik oppleving. Vår nye konferanseavdeling gjer oss i stand til å ta imot konferansar på opptil 450 deltakarar.

Salane er utstyrte med med det siste innan AV-utstyr og eit moderne friskluftsanlegg gjer sitt til at utbytet av konferansen vert større.

Ved å halde konferanse eller møte hjå oss får du ei flott oppleving i historiske omgjevnader:

Ta deg eit lite pusterom mellom lange møtesekvensar ved å:

•Rusle gjennom salongane og nyte godt av det den kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar.

•Nyte naturen, fjell og fjord frå ein godstol i hotellhagen.

Du kan og gjere som så mange andre som kjem til Balestrand, vandre rett inn i den nasjonalromantiske scena som har inspirert kunstnarar i over hundre år. Den spesielle atmosfæra får du på kjøpet.

For å gjere opphaldet fullkome, kan me sjølvsagt tilby mange ulike aktivitetar som er med på å gjere opphaldet spesielt.



Bordoppstilling


Skole
250
Kino
450
Bankett
250
Hestesko
120