Fasaden på Haaheim Gaard
Tysnes i Sunnhordland

Haaheim Gaard

Bestill nå
Fra kr 1 300

Ein oase for det gode liv


Opplev smakar av svunne tider i restauranten, draum deg vekk i romantisk landstil i interiørbutikken. La kulturhagen med sine 1500 roser, ta deg med i ei verd du ikkje visste fans. Mett av opplevingar, la oss ta deg med i draumars land i giestgiveriet. Kom til ei tilstelning og opplev konsertar, festivalar, teater, opera, allsangkvelder og foredrag. Skap minner for livet- besøk Haaheim Gaard.

Haaheim gaard ligger i fjellsiden ved foten av Tysnessåta, hotellet er det minste i dei historiske og ligger i ein kulturhage med 1500 roser. Hotellet har hagekafe og restaurant, med kapasitet på ca. 50 og 65 gjester. Hotellet har 10 rom som alle er i eit historisk era.

I sommersesongen har vi faste konserte og foredrag for gjestene våre. Haaheim Har også ein gårdsbutikk, kor ein kan kjøpe med seg lokale smakar frå distriktet og fra hotellet.

Hotellet har sin eigen gartner som dyrker store deler av urter og grønnsaker som me serverer gjestene våre.

Hjemmeside

www.haaheimgaard.no

Adresse

Haaheim
5685 Uggdal

Urter og grønnsaker kommer rett fra egen hage

Det er mye å oppleve på Haaheim Gaard


Livsveven

Stadsnamnet Haaheim, tydere staden som ligg høgt eller staden til dei som tener gudane.

Skal me attende til røtene, er me nok i tida før vindane skilde lag, når natt var dag og dag var natt. Då jørgane (troll) herja på Njardarlog. Det var ein jørge som kom over frå Uggdalsdalen og skulle over Dalselva. Jørgen var redd for å få vatn på seg, for til stein ville han ikkje verta. Han hoppa over elva, men hoppet var så langt at han havna godt oppe i sida på dalen opp mot Haaaheim. Her er enno føtefaret til jørgen, og staden ber navnet ”Jørgaføte”. Oppom Jørgaføte, kjem me til Bogastedlet. Dette er ein steinmur som er bygd til å gøyme seg bak når dei skulle drive med krypskytting av hjort med pil og boge. Hjorten vart jo etterkvart utrydda, men kom attende på Tysnes seinare.  På garden står framleis fallossteinen som dei bruka i den germanske tida til å ofre for grøden. Dette var dei fyrste hundre åra av vår tidsrekning. Navn som Falkaberget, Huldebakjen, Bjødnadalen ber segn om ei tid me ikkje kan minnast, men som lev videre i segnene.

I middelalderen låg garden på det me no kallar Auno, men svartedauen gjorde at også Haaheim vart liggane aude. Rundt 1500 blei Haaheimgarden teken opp at, men tunet blei flytta lenger opp. Her sto det etter kvart i eit tobøla klyngetun. Dette var ein av gardane Mowatt ga som medgift når Karen dotter hans gifta seg med Rosenkranz. I starten av 1700 tallet skulle dei bygge ut baroniet og trongen for kapital var stor, dei selde Haaheim til Haaheimsslekta. I 1886 starta flyttinga av husa til eit nytt tun, løa blei flytta fyrst, hovudhuset som det står i dag blei sett opp i 1907.  Denne slekta hadde garden her til i 300 år, til Torstein fekk bera tradisjonane videre.  Han restaurarte det 300 år gamle kvernhuset og restaurerte hovudhuset. Han starta opp at dei gamle tradisjonen med å ta imot gjester, Haaheim var vidgjeten for å husa eit gjestmildt folk. Tunet er igjen opna for gjester, dei gamle tradisjonan vert viderført på tunet i ein ring av det som var og det som kjem. Ein kan no sitte i den store kulturhagen å nyte roen på norges minste hotell. Eller ein hkan trekke seg attende til dame eller herresalongen for eit thee-selskap. Haaheim Gaard gleder seg til å halde gjestebod for dykk.