Romantisk opphald på Fossheim Hotell i Lom

Romantisk opphald i Lom, Jotunheimen

Fossheim Hotell

Bestill nå
Fra kr 1575,-
per person per natt. Minimum 2 netter

Nyt helga med kvarandre


I nasjonalromantikkens vugge Lom, ligg alt til rette for ei unik oppleving med din kjære. Høge fjell og djupe dalar omkransar nasjonalparklandsbyen og set rammane for ei unik helg.

Fossheimkjøkkenet set alle knivar til og serverer dykk ei gastronomisk oppleving fordelt på, 4 og 6 rettar. Hotelleigar- og vinkjennar Svein Garmo set gjerne saman ei nøye utvald vinpakke. Den harmonerar perfekt med dei ulike smakane i menyen.

Nyt helga med kvarandre. Hand i hand kan dykk nyte ferske bakevarer frå det unike Bakeriet og Morten Schackenda, vitja den over 800 år gamle stavkyrkja, ta ein tur innom Norsk Fjellmuseum eller rusla rundt i Presthaugen, eit utandørs bygdamuseum.      

Porten til tre nasjonalparkar! Fossheim og Lom ligg ideelt til for turar i Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen, og her finn du turar for alle nivå. Anten du vil ta ein rusletur langs kulturstigane i sentrum eller bestige ein ny topp kvar dag kan vi hjelpe deg på veg til å nå måla dine.
Etter endt tur vartar vi deg opp framfor peisen med noko godt i glaset før spisesalen fristar med nydelege duftar som pirrar apetitten.       

Pris fra 1.575 kr per person per natt. Minimum 2 netter. Pakken inkl; 1 flaske musserande vin på rommet ved ankomst. Fossheims rypemeny dag 1 og overnatting i superior rom. Frukost, 6 retters Fossheim meny og overnatting i superior rom dag 2. Frukost og avreise dag 3.

Gjelder 15.februar - 16.desember 2018