Romantisk weekend på Utne Hotell
Utne ved Hardangerfjorden

Romantisk Weekend på Utne Hotel

Med fokus på kvarande


La Tenk deg å feriera i moderat tempo, slappe av i eit unikt, særprega miljø. Borte frå stress og jag. Borte frå dei store upersonlege hotella. Midt i Fruktbare Hardanger finn du ein slik plass. Med krystallklar luft og kildevatn i springen.

Utne Hotel, ein av Norges eldste igangværande hotellbedrift. Grunnlagd i 1722. Kjend i generasjonar, for godt stell og omtanke for gjestene.

Eit opphald på Utne Hotel vil gje deg og din kjære ei heilt spesielt høve til å fokusera på kvarande. Her er det ingen forstyrrande element som tv, spa eller andre nymotens finesser. Her er det den gode samtale, god mat og vin, og ikkje minst godt samvær som gjeld.

Like ved Utne Hotel ligg Hardanger Folkemuseum, og 16 km frå hotellet ligg Agatunet, eit av dei eldste , bevarte gardsanlegg i Norge. Andre aktivitetar som tilbyds i nærområdet er sidersmaking, brevandring på Folgefonna, sommarskisenter og spennande festivalar. Ta din kjære med på ein tur ho/han aldri vil gløyme.