Piemonte-kveld i Oslo
Onsdag 28. oktober inviterer vi til ei smakfull reise gjennom Piemonte når Vinory kjem til Kaffistova på Hotell Bondeheimen.
Piemonte er eitt av dei mest spennande vindistrikta i Italia, kjent for bølgjande vinmarker, lange tradisjonar og nokre av dei mest ettertrakta vinane i verda. Denne kvelden følgjer vi Vinory heile vegen frå elegante bobler til majestetisk Barolo.
Vi startar med Metodo Classico frå Vinory, laga etter den tradisjonelle metoden med lang lagring på botnfall. Derifrå går vi vidare gjennom Piemonte og blir betre kjende med druene, vinmarkene og dei ulike uttrykka i distriktet. Undervegs smakar vi oss gjennom fleire av vinane til Vinory, frå frisk og saftig Barbera til Nizza, Nebbiolo og dei store klassikarane Barbaresco og Barolo.
Kvelden blir ei lita reise til Piemonte. Vi fortel historia om Vinory, menneska bak vinane og kvifor jordsmonn, vinmarker og små geografiske skilnader kan gje så ulike uttrykk i glaset. Til vinane serverer vi lett mat i italiensk ånd, med norsk preg, slik det høyrer seg til på Kaffistova.
Ein kveld for deg som alt elskar Piemonte, og for deg som har lyst til å forstå kvifor området har ein heilt spesiell plass i vinverda.
Velkomen til ein kveld med gode vinar, gode smakar, historier og ekte Piemonte-stemning!
Arrangementet startar kl. 18.00 og har 18-årsgrense.