Ein tradisjonsrik kveld i Oslo


Fredag 6. november dekkjer Kaffistova på Hotell Bondeheimen i Oslo til årets smalahovekveld.

Denne kvelden kjem ein av dei mest særprega rettane i norsk mattradisjon på bordet, og vi et han slik han skal etast: med god tid, godt selskap og noko godt i glaset. Har du ete smalahove før, veit du kva som ventar. Har du aldri prøvd, er dette kvelden.

Vi startar med eit glas rosato. Så kjem delefatet på bordet, med tronfjellskinke, speka reinsdyr, brie, chèvre frå Haukeli og fem år lagra Norvegia. Deretter er det tid for hovudpersonen. Smalahove med evangerkorv og alt som høyrer til. Til slutt ventar ei overrasking frå konditor Camilla. Meir seier vi ikkje.

Arrangementet startar kl. 18.00.

Drikke utover aperitiffen kjem i tillegg. Vil du heller ha pinnekjøtt, går det fint. Skriv det i reservasjonen.