Lokale tradisjonar og smakar, lokalhistorie og ekte matglede


På den vetle bilfrie øya Espevær utanfor Bømlo, ligg spisestaden Gamleposten 5444. Espevær har 85 fastbuande, og er viden kjent for sine vakre hus og velstelte hagar. Fiskeriene var opphavet til velstanden på øya og dei mange restaurerte gamle husa vitnar om storhetstida som var.

Tunet Gamleposten ligg idyllisk til med eit kårhus fra 1800 og hovudhuset er bygd i 1868.

Etter å ha mista mannen sin på sjøen i 1919, starta enkja Sjurina Mehus opp poståpneri og medisinutsal i desse husa for å halde liv i familien. Husa tok verden med til øya, gjennom brev, aviser og pakkar. Tunet er restaurert av syskena Torstein, Rollaug og Silje, som har starta opp ein restaurant. Visjonen til Gamleposten er å halde gjestebod som er tufta på lokale tradisjonar og smakar, lokal historie og ekte matglede.

Aktiviteter/opplevinger
Posthuset står slik det var orginalt og ein kan få omvisning der. Det er kunstgalleri på øya, omvisninger i Hummerparken anno 1887, eller Baadehuset som er ein handelshus fra midt på 1800-tallet.

Det er flotte badeplasser og turområder på øya.

Andre opplysninger
Spiseplass til 85 i restauranten, pub, gårdsbutikk og kan hjelpe til med formidling av overnatting. 

Opningstid
Onsdag til lørdag i sommarsesongen. Opent for grupper og annonsert opningstid ellers i året.

Alle gjester må bestille bord.

Beliggenhet
10 minutter med båt fra Eidesvik (sør på Bømlo).

Vertskap
Syskena Torstein, Rollaug og Silje.