Tradisjon og kvalitet sidan 1901
Kaffistova har servert norsk mat sidan 1901 og er ein av dei mest tradisjonsrike serveringsstadene i Oslo. Du finn oss i Kristian IVs gate 2, eitt kvartal frå Karl Johans gate.
Då dørene opna, var salen innreidd med handskorne møblar. Fleire av dei er i dag utstilte på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Interiøret er no moderne skandinavisk design, men ideen er den same som for over hundre år sidan: god norsk mat laga med omtanke.
Menyen følgjer årstidene og er bygd på norske mattradisjonar og råvarer. Raspeball og kjøttkaker høyrer til klassikarane, servert i rause porsjonar. Kjøttkakene er mest populære, med over fire tonn i året. Alle kakene blir bakte på staden, og konditoren lagar òg heile kaker på bestilling. Mange gjester frå Japan, Frankrike og USA set pris på å få smake tradisjonell norsk mat, og fleire av dei kjem att kvart år.
Kaffistova er ope frå lunsj til kveld. Til lunsj får du rask servering av både varm og kald mat. På kvelden er det middag med tid til å bli sitjande. Her sit turistar frå inn- og utland, forretningsfolk og faste stamgjester side om side. Hotellgjestane får tradisjonell norsk frukost kvar morgon, med godt utval av brød og pålegg og varmretter som egg og bacon.
Me anbefaler bordreservasjon.