Bestill nå
Fra kr 2 290

Storslåtte selskap i over 100 år


Historiske, elegante og smakfulle omgjevnadar har i over 100 år danna råma rundt storslåtte selskap på Fretheim Hotel.

I den historiske delen av hotellet ligg bankett- og konferanseavdelinga der me kan dekke på opp til 100 personar. Den lekre foajeen passer utmerket til mingling før og etter middag. Ein flott steintrapp fører ut frå foajeen til den store hotellhagen som er full av blomar og frukttrær. På fine dagar kan velkomstdrinken nytast i hagen!

Flåm er bryllaupsstaden på Vestlandet. Med fire fantastiske kyrkjer rett i nærleiken, der me kan arrangere båtskyss til tre av dei, og hesteskyss til ein, skal det være nok og velje i mellom. Det er og mogeleg å arrangere humanetisk vigsel inne på hotellet.

Vår eigen bryllaups koordinator organiserar alt frå meny- og vinval, til bordoppsett og pynting om ønskjeleg. Prøvesmaking av meny og gratis brudesuite er noko av det me tilbyr ved store bryllaup.

Velkomen til feiring i historiske omgjevnader.

Den største dagen i ens liv overlater man ikke til tilfeldighetene

Forespørsel selskapslokaler


Overnatting?
Dersom stedet er fullbooket ønsker jeg tilbud fra andre steder i samme region