Bestill nå
Fra kr 2 020

Sym i Europa sin lengste symjekanal


Som gjest hjå oss vel du sjølv kor aktiv du vil vera. Hotellet sin aktivitetsfløy inneheld tennisbane, squashhall, biljard, bordtennis, treningsrom, golfsimulator og bowlinghall med tilhøyrande pub.

I vår badeavdeling kan vi freista våre vaksne gjester (18 års aldersgrense) med oppvarma inne- og utandørs basseng, fossefall, "vannsofaboblemassasje", samt panoramasauna med fantastisk utsikt over fjord og fonn. Forutan det har vi i tillegg eit stort avslappingsområde. Nyt den herlege atmosfæren!

Heile familien kan kosa seg i Europa sin lengste symjekanal på 88 m, som strekkjer seg mellom eksisterande symjebasseng og eit nytt horisontbasseng ute. Vi tilbyr som før boblebad, sauna og japansk massasjebekk.

Alle symjebasseng og kanalen er oppvarma. Fri inngang for våre buende gjester.